tirsdag 6. desember 2016

Det e itte fali..

... je e itte redd, sa søstera mi og rygga baklengs mot utgangsdøra på Rena stasjon.


Ho har alltid vori tøffare enn meg og ikkje redd for noko som helst. Lillesøster. Men ho var berre tre år, og på Rena stasjon hadde dei, ifølge foreldra våre, ein utstoppa bjørn som stod på to i hallen. Eg huskar ikkje noko av det, men eg førestiller meg at han stod der med ope gap og tunga hengande ut av høgre munnvik så dei kvite rovdyrtennene skein gulkvite bak dei snerrande leppene, og med klørne strekte fram mot den tapre reisande som eit varsel om alle gjenvordigheiter som ville møte han på ferda.

Eg våga truleg ikkje å gå inn i den hallen i det heile tatt, sjølv om seinare undersøkingar tydar på at han labba fredeleg rundt på alle fire.

Forholdet mitt til bjørnar begrensa seg i mange år til den einauga teddybjørnen min som var stoppa med treull. Etterkvart fekk eg sjå verkeleg bjørnar i dyrehagar, men etterkvart som dei naturromantiske vandringane mine bringa meg både hit og dit i skogar og fjell, tok eg til å drøyme om å få sjå han i dei rette omgivnadene sine ein gong. Eg syntest eg nærma meg den hausten eg fann slagmerke, såkalla hibitt, etter bjørn under sportrening med hunden min oppe på heimeåsen. Året etter sette han avtrykk av labbane sine i repa like ved, og den hausten fann eg bjørnemøkk full av knuste bærskall oppe på heimefjellet, i cirka elleve hundre meters høgd. Eg stirra bortetter flyene og myrene og håpa at eg ein gong skulle få sjå han lufse av garde i det fjerne.

Hausten etter var eg på tur i det samme fjellet. Eg la opp til ein god rundttur opp frå Fjosstulen, over Krosstjønn, Hausttjønn, forbi Brennattjønn rundt Kløvsteintjønnan via Helletjønn og ned att. Det var i slutten av oktober, og sauesanken var over, men eg visste at nokon enno dreiv med ettersanken. Hannhunden min, Votan, gjekk fri ved foten.

Da vi runda fjellet på vestsida og gav oss i veg austover att, fekk han ferten av noko. Ein schæfer flyg vanlegvis ikkje av garde etter vilt om det ikkje er heilt innpå, men dei viser tydeleg når dei vitrar noko. Atferda hans var riktignok litt uvanleg. Han tok overver og strekte hals og løfta snuten høgt, gjekk nokre meter ut frå meg, men halen stod stivt rett ut og han bevega seg litt anspent. Eit par hundre meter oppførte han seg sånn, men så forsvann lukta og han gjekk fint ved foten min.

Ved Kløvsteintjønnan gjekk stien gjennom eit lite søkk og så ned mot ei gryte med ein vassputt i. Da vi er nesten nede ved dammen, snur Votan seg og ser på skrå bakover dit vi kom frå og held blikket der. Eg snur meg og for å sjå, og på kanten bak meg, litt til sides for der vi nettopp kom ned, er det noko som reiser seg opp mot himmelbrynet. På to bein, med øra i silhuett mot himmelen.
"Det sit ein bjørn og ser på meg", var den første tanken som slo meg. Vi blei ståande stille for å sjå, både Votan og eg, men verdraget bra frå oss og mot bjørnen, så Votan reagerte berre på rørsla. Det var ein bjørn som reiste seg på to, cirka søtti meter unna - for å sjå på oss. Og han var stor.



No finst det mange råd om korleis ein skal oppføre seg om ein møter på bjørn, alt frå å legge seg ned og spele daud, til å legge på sprang, snu kleda att-fram eller rope til han. Det slo meg at sidan bjørnen ikkje har sansen for menneske, har han neppe sansen for røysta heller. Så eg bestemte meg for å snakke til han. Men no hadde eg aldri snakka med ein bjørn så eg var litt uviss på kva for emne det var mon i å ta opp ved slikt eit høve. Men det slo meg som vesentleg å sikre meg mot eventuelle misforståingar. Så derfor sa eg, og er er klar over at mange vil tru at eg lyg, noko eg ikkje gjør ved dette høvet, utan at det nødvendigvis gjeld alt eg seier, eg sa: "Æ e' eit menneske og ingen sau!" Høgt og klart.

Sjølv tykte eg at eg var så morosam at eg tok til å le av meg sjølv, mne eg fann det ikkje nødvendig  til å vente på noko svar, så eg heldt fram på turen med freidig mot, vel, ikkje heilt, for eg hadde blikket festa på skrå bakover og den lissa som var gått opp på fjellstøvlane, forblei uknytta. Den verste augeblinken var da bjørnen gjekk ned på alle fire der oppe på kanten, og eg prøvde å rekne ut om han trengte seks eller åtte sekund for å ta meg att. Men eg vandra freidig vekk rundt kanten av Kløvsteintjønnan.

Til alt hell forstod bjørnen trøndersk, så da eg kom så langt fram at eg fekk eit overblikk over heile ryggen der bjørnen hadde vist seg, var terrenget heilt bjørnefritt. Da fekk eg eit kick, da, adrenalinet sendte meg himmelhøgt opp i euforiske sfærer, eg hoppa rundt i ring og kauka til fjellet og meg sjølv: "Æ har sett bjønn! Æ har sett bjønn!" Da den verste rusen avtok, oppdaga eg at eg hadde stått midt i eit repehol, så eg var blaut og svart av dynn langt oppover ryggen og låra.

Dei resterande kilometrane til bilen gjekk utruleg radig. Eg hadde eit energioverskot som aldri før eller sidan. Vel heime ringte eg Lars Inge i Statens Naturoppsyn og saman med rovviltkontakt Sigurd  blei det nok ein tur til fjells den dagen. Eg fekk forklart kor vanskeleg det er å få auge på bjørnespor i fast fjellterreng, men eg er ikkje sikker på om dei prøvde å dempe forventingane mine, eller ikkje trudde heilt på meg . Uansett, vi kom opp til søkket der stien gjekk ned,  utan å sjå noko teikn til bjørnespor, så eg bad Lars Inge og Sigurd gå bortetter ryggen, så skulle eg stille meg der eg var da eg såg bjørnen, og sjå om eg kunne seie kor det var.

Lars Inge er ein røsleg kar, og eg må tilstå at da deg såg kor liten og spinkel han blei i forhold til bjørnen på netthinna mi, da fekk eg frysningar nedetter ryggen. Sigurd gjekk først, og da han kom bortover mot ein varde som stod der, ropte eg til han: "Stopp der. Det var omtrent der!" Og Sigurd stoppa og kikka rundt seg, og der, ein halv meter til sides, såg han tydeleg avtrykket etter bjørnelabbane der han hadde reist seg på to og pressa mosen flat.


Vi reikte sporet hans bakover. Det var berre eit trekant avtrykk etter sålen, men der han hadde gått oppover, låg det fine krullar med reinlav etter klørne. Vi fann ut at han hadde kryssa stien framom meg, men valt heilt motsett retning av meg for å koma seg unna. Seinare fekk eg vita at det truleg var sjølvaste Deisjøbamsen eg hadde møtt. Verdsmeister i bjørnevandring.

Men det beste er at etter å ha møtte ein levande bjørn, kan eg seie som søstera mi: Det e' itte fali', je e' itte redd, og faktisk meine det. Og om nokon av dykk skulle komme til å møte  ein bjørn, så husk at han har ti manns styrke, men tolv manns vett, så ei saksopplysning kan vera på rett plass: Du er eit menneske, og ingen sau. Og så håper eg at både du og eg er i stand til å leva opp til den påstanden.