Fordømte frittgåande fjørkre.
No har kremmarsjelene opna bura
og slept dei laus på oss, hordar
av englar
i alle former og fasongar.
Direkte frå engleskolen
dalar dei ned i skjul, i stuer
og soverom for å kunngjøre
prisen for bebudelsen (eks. mva.).
Kråkene rømmer frå dynga
for å gi plass for englane som rotar rundt
i restane frå i fjor.
Spar kalkunen og ribb ein engel
til jul, eller innfør skottpremie
på skadefugl.