Du såg ingen grunn til å dra opp småsei før harpa var full |
På Valentinsdagen fylte du 64 år. Den siste fødselsdagen din. På kjærleiksdagen. Eg sendte deg ei helsing, da, ei lita påminning om kjærleiken din til livet. Den andre sorten skal eg ikkje driste meg til å påstå at eg hadde så mykje innsikt i. Eg var sjefen din i ein del år. Etter det blei vi berre kameratar, og navet i kameratskapen var fisketurane våre til hytta mi ved sjøkanten utafor Rørvik i Nord-Trøndelag. Historiene derifrå er så mangfaldige at eg kunne skrivi fleire bind, men det var særleg ei historie eg ville minne deg om.
Det byrja med at du og Frank kom tilbake frå rotur med posar fulle av torsk og kunne fortelle at de hadde fått dei på skjeret. Eit skjer er eit skjer, og heile poenget med eit skjer er at det i delar av døgnet er under vatn. Men ifølge tidevasstabellen skulle det vera såpass lågt vatn den kvelden at det ville vera muleg å stå på skjeret og fiske. No er ikke Ryumsjøskjæret av dei største, så det var dårleg med plass til to, for ikkje å seie tre, mann. Og fire var det ikkje plass til.
Resultatet var at du, Frank og Jørgen blei landsett på skjeret om kvelden, mens eg prøvde fiskelykka frå sjekta. Og fisk fekk vi alle saman mens floa var på veg innover og skjeret blei stadig mindre, sjølv om du hadde ein tendens til å etterlate slukane dine på havsens botn.
Men så kom Hurtigruta. Skjeret hadde minka betrakteleg, og hekkbølgene frå båten ville skylle over skjeret. Var eg overbevist om. Men ikkje du. Etter litt kjefting og gnelling fekk eg Jørgen ombord i pramma og rodde han til lands. Så tilbake etter deg og Frank. I siste liten. Ikkje før hadde eg fått dykk i båten, før bårene rulla inn over skjeret - og nesten - skylla over det. Men ikkje heilt. Og den som fekk skyllebøtta, var eg. Som hadde øydelagt fiskelykka di og det som verre var. Eg trur ikkje eg vart tatt til nåde att før fisken var ferdig prekevert, og eg hadde slått opp eit drøyt glass med konjakk til deg.

Neste kveld var det på han igjen. No hadde Jørgen innsett at det var for trangt med tre mann på skjeret, så han delte båtplass med meg. Og mens du og Frank drog torsk på skjæret, fekk vi for det meste lyr frå pramma. Og mens vi låg der og dreiv, såg Jørgen granskende bort på dykk og sa: Ser du kven som står på skjeret der?
Noko forundra, sidan han burde vori i stand til å huske navna dykkar etter mange års venskap og sidan vi ikkje hadde konsumert noko konjakk, enno, den kvelden, svarte eg naturleg nok: Ja, det er jo Aksel og Frank? Nei, nei, svarte Jørgen, ser du ikke at det er Robinson Crusoe og Fredag? Og sannelig, da eg så nøyere etter, måtte eg gi han rett, det var vitterlig Robinson og Fredag som stod der.

Og som alle kveldar, observerte vi igjen Hurtigruta på veg nordover. Men floa var ein time seinare denne kvelden enn kvelden før, og det var så vidt havet gadd å krølle litt på seg. Så eg fann ingen grunn til å kommandere dykk i land med påfølgende Canossagang. Du sat på ryggsekkstolen din og fiksa noko fiskeutstyr mens Frank stod på enden av skjeret og fiska. Og Hurtigruta passerte, og hekkbølga rulla innover - og oppover - og oppover - skjeret.
Plutseleg gjekk det opp for Frank at han kom til å bli blaut på beina. Bølga kommer! ropte han til deg. Hæ? svarte du og kikka opp, og der fekk du sjå Frank i joggesko springe for livet med stanga i handa og høge kneløft opp til det høgaste punktet på skjeret. Da skjønte du faren, og idet sjøen slo inn over knea dine, grabba du stang og sekk og sprang opp på den siste tørre kvadratmeteren reinskura berg der de to skvisa dykk saman som eit kjærastepar i havsnaud.
Og båra rulla over skjeret og vidare innover mot land - men da gjekk det opp for deg at du hadde fiskeutstyret ditt liggande att på berget, og at du måtte prøve å redde det før dragsuget tok det med til havs. Dermed storma du ned igjen, ut i sjøen til skrevet, og var du blaut frå før, blei du enda blautere da. Men utstyret berga du.

Om vi lo? Jørgen og eg? For å seie det sånn; det var nesten uråd å sitte på tofta. Eg lo på meg magesmertar og kjevekramper og tok meg god tid da eg rodde ut for å hente deg og Frank. Det tok fleire konjakkar å få deg blid den kvelden, for Jørgen og eg fortsette nådelause å le av Robinson og Fredag. Ja, eg må innrømme at eg ler av de to rett som det er, framleis. Den som ler sist..., veit du.
Men no er det slutt. Ingen fleire historier, ingen fleire felles tak. Om nokre dagar skal eg følge etter deg for siste gong. Og til våren, når vi reiser opp att til Ryumsjøen, blir Fredag ståande att aleine på skjeret. Robinson har blitt landsett på ein annan kyst, og eventyra vi hadde saman, er komne til slutten.