torsdag 19. januar 2017

Sauer er ...... dyr

Bilderesultat for hyrde
Det var vel Liv Finstad som i ein politisk debatt dekka over vankunna si om norsk landbruk ved å ytre dei berømte orda: Sauer er ålreite dyr.

Jo, dei er vel det, på ymse vis. Som mat, som oppretthaldarar av kulturlandskapet, som... Men unasett, dei er dumme, enkle dyr. Kanskje ikkje dei gamle rasane som gammalnorsk spelsau, men dei yngre rasane, den importerte miksen som eg er vant til å kalla dalasau f.eks, er enkle dyr. Eg liker enkle dyr, det er ikkje det. Dei er snille, engstelege, og det er ikkje noko i vegen med å vera snill og skvetten. Men det er ikkje alltid så lurt, eller så praktisk. Og sjølv om eg ikkje er bonde på verken små- eller store bruk, kan eg faktisk påberope meg eit visst empirisk belegg for påstanden.

Eg har ein kamerat som, bortsett frå eit mellomspel som fylkespolitikar, har livnært seg som sauebonde. Nokre år brukte eg å vera med han når han skulle følge sauene frå Solheimsstulen og inn til sommarbeitet i Geitvassdalen i tida rundt Sankthans. Berre dei var velberga over Numedalslågen, var eg ferdig med jobben og kunne snu for å ta fatt på vegen attende. Og sidan det var om lag tjuefem kilometer, blei det rundt fem mil til fots på eit døgn. Slitsamt nok, men det kunne bli verre.

Først galdt det å transportere sauene med lastebil frå Uvdal til kvea inst i Jønndalen. Eg stod på lasteplanet saman med dei andre sauene, berre iført ein tynn kjeledress (og boxer). Det er varmt, skal eg seie dykk å stå inne i sauehopen. Eg kjente meg som August i Landstrykere, han som drukna i eit hav av sau. Jobben min gjekk ut på å hindre at nokon av dei kom under, for da ville dei bli kvalt.

Eit godt stykke på veg, såg eg eit lam som heldt på å bukke under i den bakre enden. Da var det berre å vade gjennom den gjenstridige hopen, få løfta lammet opp på knea mine mens eg sette meg ned så det skulle få luft. Gjett om sveitten sila. Ikkje før var det første velberga, før ei søye seig under fremst på planet. Ny vading gjennom massane før eg fekk tak i ho og begynte å dra for å få ho opp. Men ei vaksen søye veg si vekt i ull og kjøtt, og eg greidde ikkje å få ho heilt opp. Eg banka febrilsk i taket på førarhuset, men utan reaksjon. Eg måtte berre sette meg godt ned og tvinge ho opp med alt eg hadde av lårstyrke. Til alt hell stoppa sjåføren før det brattaste bakkane, berre for å sjå korleis det stod til, og da fekk vi sørga for at alle var skikkeleg på beina det siste stykket. Eg stinka sveitte, sauefeitt og lanolin da vi var framme.

Bilderesultat for sau

Kvelden etter skulle eg vera med på turen innover saman med Nils Peter, faren hans og Asbjørn. Faren til Nils Peter kjørte traktor. Og ein stad mellom 250 og 300 sauer skulle gjetast fram til det lova landet. Vi starta på kvelden, for full ullbekledning er heitt i sommardagen. Innover til Dyrgravshalle for første rast med innlagt drøvtygging, så til bekken ved Bakkebu, før det i femtida om morgonen var ankomst i steinlægeret på Ulveli. Eit par timar med søvn i køyene der vinden drog på gjennom gisne steinveggar.

Vi vakna til ein rask frokost og fem centimeter nysnø. Snø og sau kan ha påfallande lik farge. Dessutan hadde dei søkt ly i all vieren under Ulvelinuten. Berre å finne dei att og få dei i gang, tok ein dryg halvtime.

Så barst det i veg - eit lite stykke. Da var eit lam som ikkje makta meir: Vi hadde merka oss det på veg innover, men no stod det med hengande hovud bom fast i eit leirehol og var ikkje i stand til koma lenger. Det var berre eitt å gjøra: tilbake til Ulveli med lammet og søya, for Nils Peter og meg, men da vi kom dit, fann vi at vi hadde oversett ei anna søye med to lam i vier og snø. Traktoren stod att på Ulveli, så da var det berre å stenge dei inne på planet etter at vi hadde skori rikeleg med vier til dei. Så var det fullt tan for å nå att dei andre.

Vi nådde dei att da vi nærma oss toppen på Høljabrøtet, det høgaste punktet på turen, ca. 1290 moh, der det er ein bekk som sauene alltid kvier seg for å vade over. Da sette det inn med nordvestkuling, sludd og sklett, rett i trynet på oss. Det var nesten uråd å sjå noko, sluddet tina på klede og ansikt og ryggsekkar, men fraus til att så istappane hang frå luer og reimer. Og sauene ville ikkje, dei ville ikkje halde fram rett mot vinden, men bestemte seg for å stikke nedover mot ly i hallet mot sørøst. Vi sprang som bikkjer med berre ei bikkje til hjelp for å koma nedunder dei og jage dei opp att. Det var blytungt og glatt, og sauene ville berre ned. Eg sklei og tryna om ein annan. Væta trekte inn på knærne og akslene, men fraus til eit islag mens vi sprang det vi var gode for. 

Men så var det å få dei over bekken. Det blei mest isbading  i juni. Nokon skeina oppover og nokon nedover, nokon snudde og smatt attover, og nokon berre nekta. Stod og stritta i mot på stive bein, så løysinga blei å dra dei over eller slenge dei uti. Kven som blei blautast, eg eller sauene er eg ikkje sikker på. Til slutt var den uryddige hopen over, nedbøren gav seg, og vi kunne krype i ly for vinden for å tørke opp og ta ein rast på toppen.

Bekkekryssing m/hund i Eidslian

Så skulle vi i gang att. Men tre av lamma var så utasa at dei ikkje kom seg på beina. Dei låg på knærne, og greidde ikkje å føte seg. Da var det berre å ta eit lam kvar i sekken, eit til meg, eitt til Nils Peter og eitt til Asbjørn. Så bar det i veg nedover til rasteplassen på Hyttebulægeret. Det stod ikkje like bra til med dei tre lamma. Eit hadde daua, det ura vi ned, og eit kunne så vidt stå på beina, men det eg hadde bori på, var i fin form for eg hadde ein ekstra ullgenser i sekken. Dermed fann det mor si, og det lammet som hangla, vart pakka inn i ull og opp i sekken min og snøra saman så berre hovudet stakk opp.

Men mens vi låg der og jorta, fekk far til Nils Peter auge på ein kvit dott bak oss opp mot Høljabrøtet. Vi hadde gått frå nokre sauer som kom  rekande etter oss. To valg: vi kunne bli der og vente til dei nådde oss att, eller vi kunne springe opp fjellsida for å jage dei etter. Storstendig som eg var, tok eg på meg jobben, jogga ein kilometer tilbake opp motbakken, fann ingen sauer, berre spor etter rein, og jogga tilbake i fjellstøvlane mine. Og da kunne far til Nils Peter fortelle at han hadde oppdaga i kikkerten at det var nokre villrein vi hadde sett, men da var eg alt faren. Eg trøsta meg med Olav H. Hauge: Ein maktar makt i ofsemod og naud,/ når ein er lyft og utom kvardagsbalet/  som her ein haust eg vanta noko smale/ og gjekk og leita dagevis utan ei klauv.

Det verste stod enno att. Vi skulle over Kvisle, ei grein av Numedalslågen, og så over hovudløpet. Isen var nettopp gått, så elva var flaumstor og dekka av kvite skumtoppar. Kvisle var verst, for det var dårleg skjerming rundt inngangen til den smale brua, og søyene har ein tendens til å snu og korke heile brua viss dei kjem frå lamma sine. Det er om å gjøra å halde eit godt driv og jage flokken framover når dei kjem over.

Men denne dagen skulle alt gå gali. Søyer og lam var slitne etter uveret, og mange av dei kom frå kvarandre. Plutselig begynte nokre å snu. Og breke etter lamma sine. Og lamma begynte å skrike etter mødrene sine. Og siden brua med eitt var uframkommeleg, valde først eit lam å hoppe på elva, så eitt til og så enda eitt. Vi sprang for livet nedetter elvebredden for å prøve å redde dei. Eg såg eit som blei sugd rett ned av straumen, eg såg det under vatnet, men plutseleg spratt det opp som ei kork rett framfor meg. Det flaut rett og slett på lanolinen i ulla. Eg slengte av meg sekken med det andre lammet i, hiva meg ned på breidden, fekk tak i det rett før straumen førte det ut att og drog det på land.

Ikkje heilt meg, eller Nils Peter, men det næraste eg kom

Eit lam såg vi aldri att, men det tredje hadde stranda på ein steinsmale midt ute i elva. Men Nils Peter gav seg ikkje, han vassa rett ut i straumen sjølv om den nådde han opp på låra, tok lammet på skuldrene og bar det i land. Det hadde knekt den eine framfoten på to stader, så han hadde liksom tre ledd, men det hinka av garde på tre bein og blei foreint med mor si på den andre sida. Over hovudløpet gjekk det greit, og lammet i sekken min hadde fått att varmen og sprang til mor si.

Det var i to-tida på dagen, så det var berre å snu. Nils Peter og eg skulle attende, dei andre skulle inn til gjetarhytta ved Dagfiske. Først var det 12-13 kilometer tilbake til Ulveli, der attergløymene og traktoren venta. Eg hadde lagt att joggesko der, så Nils Peter tok traktoren mens eg jogga dei siste 12 kilometrane ut att. Men det går ikke fort med traktor på slepa, så han tok meg ikkje att før i den siste bakken ned til Solheimsstulen.

Eg trur aldri eg har vori så gjennomsliten nokon gong. Eg var heime att eit døgn etter at vi starta å gå, og må vedgå at da, akkurat da, følte eg meg som ein helt. Reint ut sagt heroisk. Eg hadde attpå til redda to lam frå den sikre død. Men sauer og allreit-heita? Tja, den oppfatning fekk seg ein alvorleg knekk.

Ingen kommentarer: