torsdag 9. februar 2017

Ondt ofte lider den fiskermann

...som ut må drage, før hanen galer.
No er eg noko morgontrøtt og slit med å koma meg opp før hanen, men ut dreg eg. Ofte. Til fjells, til skogs, til havs. Og så har det seg sånn at eg har hytte på Ryumsjøen ved Rørvik der eg er vaksen opp. Det er liksom paradiset mitt, der har eg båtar og fiskereiskap av ulikt slag og nyttar høvet fleire gonger i året til å drive såpass til sjølvberging at eg har sjømat nok for den komande vinteren.

 
Sidan eg bur midt i innlands-Noreg, med Hardangervidda på vestsida og Trillemarka på østsida, har eg sett det som ei livsgjerning, no ja, i alle fall som litt lettare påverknad, å misjonere for det aktive liv på kysten for vennane mine. Særleg Jørgen. Fødd og oppvaksen og busett i øvre Numedal treng han litt større perspektiv og breiare horisont. Og sidan han misjonerte  Hardangervidda inn i hjarterota mi, såg eg det som ei høveleg gjenyting å ta han med til havet. Det verkelege havet. Ikkje det havet som berre tener som motorveg for tax-free-varer på danskebåten. Men det havet som kan by på opplevingar og andre nytingar enn god mat og godt drikke.

Og eg har lyktest. Jørgen er frelst. Og i løpet av åra har eg utvida kretsen av disiplar med fleire, både Lars og Aksel og Frank. Minst ein gong i året set sjødraugane kursen dei 86 mila det er frå Norefjord til Ryumsjøen. Og mykje fisk har det blitt med åra. Og mange krabbar. Av og til for mange som når garnet renn fullt, og vi har ein heil dags jobb med å reinske det. Men oftast er fangsten enklare å handtere. Men ikkje alltid så enkel, likevel.


Jørgen måtte halde torsken oppe med den andre handa,
så vekta på bildet er misvisande
Som her i fjor vår da Jørgen og eg hadde reist oppover. Eg har fått ein del steinbit i garn på hytta dei siste åra. Frå tre til åtte kilo, og omnsbakt steinbit er noko av det beste eg veit. Og ved første forsøk fekk vi nokre torskar og ein steinbit på fem kilo. Nøgde med resultatet flytta vi dei to samanknytta garna litt, og vi hadde store forhåpningar til fangsten. Starten var eit vonbrot. Tomt, tomt og atter tomt i det første garnet. Alt tyda på at flyttinga hadde vori ein tabbe. Men garn nummer to sat fast, og når garn sit fast, er det ofte eit godt teikn. Og sånn var det. To passande mattorskar og ei fin flyndre kom over ripa, så kom ein stor torsk som viste seg å vege ni kilo, men enno var det tungt utan at det var nokon kvit buk å sjå i sjøen. Men noko stort og mørkt var det der, ein diger steinbit. Snart låg han og vreid seg i botnen av båten, og mens vi heldt føttene godt klar av kjeften, fekk eg planta tollekniven godt ned i hausen hans og heldt tak til han stort sett roa seg ned.

Til lands bar det med dei stolte fiskarane. Fangsten blei boren på land, og etter ha vege den store torsken, kom turen til steinbiten.
Problemet var skinnet på fisken. Under krigen brukte dei steinbitskinn til å lage sko, så seigt og sterkt er det. Eg skulle berre stikke kroken på vekta gjennom kjaken, men var ikkje i stand til å få tredd han gjennom. Steinbiten er óg kjent for tanngarden sin. Det er eit vanleg trick å stikke ei åre i kjeften på steinbiten når du får han i båten, for å unngå at han bit seg fast i t.d. ein fot. Sånt kan vera ubehageleg og, ikkje minst, smertefullt.

No hadde denne steinbiten vori daud i 15 - 20 minutt og låg der urørleg og gapa, så eg såg ingen fare frå tanngarden hans lenger. Altså stakk eg tre fingrar på venstrehanda inn i kjeften på han for å hjelpe til med å stikke kroken igjennom. SMAKK! Utan at eg nådde å områ meg, smekka kjeften igjen som ei revesaks. Intuitivt prøvde eg å trekke fingrane ut mens eg kjente at smerten måtte vike for lamme fingertuppar. Dei var ikkje til å rikke. Neste råd var å bruke den ledige høgrehanda til å prøve å bende opp kjevane. Fånyttes. Så slo eg han i hovudet med den ledige handa mens eg gjentok mangfaldige gonger eit kjent uttrykk som begynner på F... . Fånyttes. Han var jo daud. Og der sat eg på huk med tre kjenslelause fingrar fastlåste i saksa. Eg såg for meg korleis eg skar av han hovudet med den ledige handa og troppa opp på legekontoret med handa inne i ein fiskekjeft. Det hadde forlysta det venterommet og fleire med for tiår framover.

Til skrekk og åtvaring: sånn ser steinbitkjeften ut
Men Jørgen var der. Jørgen kom med to frie nevar og ti friske fingrar, tok tak i over- og underkjeven, og med bruk av betydelege krefter  makta han og bende kjeften såpass opp at eg fekk lirka ut dei skamfarne fingrane. Heldigvis var dei meir blå enn blodige, og sjølv om det tok eit par månader før eg kunne bøye det eine leddet, har eg berre eit lite arr att som dokumentasjon på sånt "toillfari". Og kroken fekk vi igjennom, og vekta viste 12 1/4 kilo. I følge fiskeboka mi, kan steinbiten bli inntil 12 kilo. Og mykje prima mat vart det av han.

No er dette ei litt pinleg historie å legge ut, men eg seier til meg sjølv at eg gjør dette i folkeopplysninga sitt namn og ikke gjør dette hjemme (og ikkje borte heller). Så får de heller berre le litt av meg.

Ein nøgd Jørgen med steinbit på 12kg og torsk på 9 kg

 

Ingen kommentarer: