torsdag 19. januar 2017

Sauer er ...... dyr

Bilderesultat for hyrde
Det var vel Liv Finstad som i ein politisk debatt dekka over vankunna si om norsk landbruk ved å ytre dei berømte orda: Sauer er ålreite dyr.

Jo, dei er vel det, på ymse vis. Som mat, som oppretthaldarar av kulturlandskapet, som... Men unasett, dei er dumme, enkle dyr. Kanskje ikkje dei gamle rasane som gammalnorsk spelsau, men dei yngre rasane, den importerte miksen som eg er vant til å kalla dalasau f.eks, er enkle dyr. Eg liker enkle dyr, det er ikkje det. Dei er snille, engstelege, og det er ikkje noko i vegen med å vera snill og skvetten. Men det er ikkje alltid så lurt, eller så praktisk. Og sjølv om eg ikkje er bonde på verken små- eller store bruk, kan eg faktisk påberope meg eit visst empirisk belegg for påstanden.

Eg har ein kamerat som, bortsett frå eit mellomspel som fylkespolitikar, har livnært seg som sauebonde. Nokre år brukte eg å vera med han når han skulle følge sauene frå Solheimsstulen og inn til sommarbeitet i Geitvassdalen i tida rundt Sankthans. Berre dei var velberga over Numedalslågen, var eg ferdig med jobben og kunne snu for å ta fatt på vegen attende. Og sidan det var om lag tjuefem kilometer, blei det rundt fem mil til fots på eit døgn. Slitsamt nok, men det kunne bli verre.

Først galdt det å transportere sauene med lastebil frå Uvdal til kvea inst i Jønndalen. Eg stod på lasteplanet saman med dei andre sauene, berre iført ein tynn kjeledress (og boxer). Det er varmt, skal eg seie dykk å stå inne i sauehopen. Eg kjente meg som August i Landstrykere, han som drukna i eit hav av sau. Jobben min gjekk ut på å hindre at nokon av dei kom under, for da ville dei bli kvalt.

Eit godt stykke på veg, såg eg eit lam som heldt på å bukke under i den bakre enden. Da var det berre å vade gjennom den gjenstridige hopen, få løfta lammet opp på knea mine mens eg sette meg ned så det skulle få luft. Gjett om sveitten sila. Ikkje før var det første velberga, før ei søye seig under fremst på planet. Ny vading gjennom massane før eg fekk tak i ho og begynte å dra for å få ho opp. Men ei vaksen søye veg si vekt i ull og kjøtt, og eg greidde ikkje å få ho heilt opp. Eg banka febrilsk i taket på førarhuset, men utan reaksjon. Eg måtte berre sette meg godt ned og tvinge ho opp med alt eg hadde av lårstyrke. Til alt hell stoppa sjåføren før det brattaste bakkane, berre for å sjå korleis det stod til, og da fekk vi sørga for at alle var skikkeleg på beina det siste stykket. Eg stinka sveitte, sauefeitt og lanolin da vi var framme.

Bilderesultat for sau

Kvelden etter skulle eg vera med på turen innover saman med Nils Peter, faren hans og Asbjørn. Faren til Nils Peter kjørte traktor. Og ein stad mellom 250 og 300 sauer skulle gjetast fram til det lova landet. Vi starta på kvelden, for full ullbekledning er heitt i sommardagen. Innover til Dyrgravshalle for første rast med innlagt drøvtygging, så til bekken ved Bakkebu, før det i femtida om morgonen var ankomst i steinlægeret på Ulveli. Eit par timar med søvn i køyene der vinden drog på gjennom gisne steinveggar.

Vi vakna til ein rask frokost og fem centimeter nysnø. Snø og sau kan ha påfallande lik farge. Dessutan hadde dei søkt ly i all vieren under Ulvelinuten. Berre å finne dei att og få dei i gang, tok ein dryg halvtime.

Så barst det i veg - eit lite stykke. Da var eit lam som ikkje makta meir: Vi hadde merka oss det på veg innover, men no stod det med hengande hovud bom fast i eit leirehol og var ikkje i stand til koma lenger. Det var berre eitt å gjøra: tilbake til Ulveli med lammet og søya, for Nils Peter og meg, men da vi kom dit, fann vi at vi hadde oversett ei anna søye med to lam i vier og snø. Traktoren stod att på Ulveli, så da var det berre å stenge dei inne på planet etter at vi hadde skori rikeleg med vier til dei. Så var det fullt tan for å nå att dei andre.

Vi nådde dei att da vi nærma oss toppen på Høljabrøtet, det høgaste punktet på turen, ca. 1290 moh, der det er ein bekk som sauene alltid kvier seg for å vade over. Da sette det inn med nordvestkuling, sludd og sklett, rett i trynet på oss. Det var nesten uråd å sjå noko, sluddet tina på klede og ansikt og ryggsekkar, men fraus til att så istappane hang frå luer og reimer. Og sauene ville ikkje, dei ville ikkje halde fram rett mot vinden, men bestemte seg for å stikke nedover mot ly i hallet mot sørøst. Vi sprang som bikkjer med berre ei bikkje til hjelp for å koma nedunder dei og jage dei opp att. Det var blytungt og glatt, og sauene ville berre ned. Eg sklei og tryna om ein annan. Væta trekte inn på knærne og akslene, men fraus til eit islag mens vi sprang det vi var gode for. 

Men så var det å få dei over bekken. Det blei mest isbading  i juni. Nokon skeina oppover og nokon nedover, nokon snudde og smatt attover, og nokon berre nekta. Stod og stritta i mot på stive bein, så løysinga blei å dra dei over eller slenge dei uti. Kven som blei blautast, eg eller sauene er eg ikkje sikker på. Til slutt var den uryddige hopen over, nedbøren gav seg, og vi kunne krype i ly for vinden for å tørke opp og ta ein rast på toppen.

Bekkekryssing m/hund i Eidslian

Så skulle vi i gang att. Men tre av lamma var så utasa at dei ikkje kom seg på beina. Dei låg på knærne, og greidde ikkje å føte seg. Da var det berre å ta eit lam kvar i sekken, eit til meg, eitt til Nils Peter og eitt til Asbjørn. Så bar det i veg nedover til rasteplassen på Hyttebulægeret. Det stod ikkje like bra til med dei tre lamma. Eit hadde daua, det ura vi ned, og eit kunne så vidt stå på beina, men det eg hadde bori på, var i fin form for eg hadde ein ekstra ullgenser i sekken. Dermed fann det mor si, og det lammet som hangla, vart pakka inn i ull og opp i sekken min og snøra saman så berre hovudet stakk opp.

Men mens vi låg der og jorta, fekk far til Nils Peter auge på ein kvit dott bak oss opp mot Høljabrøtet. Vi hadde gått frå nokre sauer som kom  rekande etter oss. To valg: vi kunne bli der og vente til dei nådde oss att, eller vi kunne springe opp fjellsida for å jage dei etter. Storstendig som eg var, tok eg på meg jobben, jogga ein kilometer tilbake opp motbakken, fann ingen sauer, berre spor etter rein, og jogga tilbake i fjellstøvlane mine. Og da kunne far til Nils Peter fortelle at han hadde oppdaga i kikkerten at det var nokre villrein vi hadde sett, men da var eg alt faren. Eg trøsta meg med Olav H. Hauge: Ein maktar makt i ofsemod og naud,/ når ein er lyft og utom kvardagsbalet/  som her ein haust eg vanta noko smale/ og gjekk og leita dagevis utan ei klauv.

Det verste stod enno att. Vi skulle over Kvisle, ei grein av Numedalslågen, og så over hovudløpet. Isen var nettopp gått, så elva var flaumstor og dekka av kvite skumtoppar. Kvisle var verst, for det var dårleg skjerming rundt inngangen til den smale brua, og søyene har ein tendens til å snu og korke heile brua viss dei kjem frå lamma sine. Det er om å gjøra å halde eit godt driv og jage flokken framover når dei kjem over.

Men denne dagen skulle alt gå gali. Søyer og lam var slitne etter uveret, og mange av dei kom frå kvarandre. Plutselig begynte nokre å snu. Og breke etter lamma sine. Og lamma begynte å skrike etter mødrene sine. Og siden brua med eitt var uframkommeleg, valde først eit lam å hoppe på elva, så eitt til og så enda eitt. Vi sprang for livet nedetter elvebredden for å prøve å redde dei. Eg såg eit som blei sugd rett ned av straumen, eg såg det under vatnet, men plutseleg spratt det opp som ei kork rett framfor meg. Det flaut rett og slett på lanolinen i ulla. Eg slengte av meg sekken med det andre lammet i, hiva meg ned på breidden, fekk tak i det rett før straumen førte det ut att og drog det på land.

Ikkje heilt meg, eller Nils Peter, men det næraste eg kom

Eit lam såg vi aldri att, men det tredje hadde stranda på ein steinsmale midt ute i elva. Men Nils Peter gav seg ikkje, han vassa rett ut i straumen sjølv om den nådde han opp på låra, tok lammet på skuldrene og bar det i land. Det hadde knekt den eine framfoten på to stader, så han hadde liksom tre ledd, men det hinka av garde på tre bein og blei foreint med mor si på den andre sida. Over hovudløpet gjekk det greit, og lammet i sekken min hadde fått att varmen og sprang til mor si.

Det var i to-tida på dagen, så det var berre å snu. Nils Peter og eg skulle attende, dei andre skulle inn til gjetarhytta ved Dagfiske. Først var det 12-13 kilometer tilbake til Ulveli, der attergløymene og traktoren venta. Eg hadde lagt att joggesko der, så Nils Peter tok traktoren mens eg jogga dei siste 12 kilometrane ut att. Men det går ikke fort med traktor på slepa, så han tok meg ikkje att før i den siste bakken ned til Solheimsstulen.

Eg trur aldri eg har vori så gjennomsliten nokon gong. Eg var heime att eit døgn etter at vi starta å gå, og må vedgå at da, akkurat da, følte eg meg som ein helt. Reint ut sagt heroisk. Eg hadde attpå til redda to lam frå den sikre død. Men sauer og allreit-heita? Tja, den oppfatning fekk seg ein alvorleg knekk.

tirsdag 6. desember 2016

Det e itte fali..

... je e itte redd, sa søstera mi og rygga baklengs mot utgangsdøra på Rena stasjon.


Ho har alltid vori tøffare enn meg og ikkje redd for noko som helst. Lillesøster. Men ho var berre tre år, og på Rena stasjon hadde dei, ifølge foreldra våre, ein utstoppa bjørn som stod på to i hallen. Eg huskar ikkje noko av det, men eg førestiller meg at han stod der med ope gap og tunga hengande ut av høgre munnvik så dei kvite rovdyrtennene skein gulkvite bak dei snerrande leppene, og med klørne strekte fram mot den tapre reisande som eit varsel om alle gjenvordigheiter som ville møte han på ferda.

Eg våga truleg ikkje å gå inn i den hallen i det heile tatt, sjølv om seinare undersøkingar tydar på at han labba fredeleg rundt på alle fire.

Forholdet mitt til bjørnar begrensa seg i mange år til den einauga teddybjørnen min som var stoppa med treull. Etterkvart fekk eg sjå verkeleg bjørnar i dyrehagar, men etterkvart som dei naturromantiske vandringane mine bringa meg både hit og dit i skogar og fjell, tok eg til å drøyme om å få sjå han i dei rette omgivnadene sine ein gong. Eg syntest eg nærma meg den hausten eg fann slagmerke, såkalla hibitt, etter bjørn under sportrening med hunden min oppe på heimeåsen. Året etter sette han avtrykk av labbane sine i repa like ved, og den hausten fann eg bjørnemøkk full av knuste bærskall oppe på heimefjellet, i cirka elleve hundre meters høgd. Eg stirra bortetter flyene og myrene og håpa at eg ein gong skulle få sjå han lufse av garde i det fjerne.

Hausten etter var eg på tur i det samme fjellet. Eg la opp til ein god rundttur opp frå Fjosstulen, over Krosstjønn, Hausttjønn, forbi Brennattjønn rundt Kløvsteintjønnan via Helletjønn og ned att. Det var i slutten av oktober, og sauesanken var over, men eg visste at nokon enno dreiv med ettersanken. Hannhunden min, Votan, gjekk fri ved foten.

Da vi runda fjellet på vestsida og gav oss i veg austover att, fekk han ferten av noko. Ein schæfer flyg vanlegvis ikkje av garde etter vilt om det ikkje er heilt innpå, men dei viser tydeleg når dei vitrar noko. Atferda hans var riktignok litt uvanleg. Han tok overver og strekte hals og løfta snuten høgt, gjekk nokre meter ut frå meg, men halen stod stivt rett ut og han bevega seg litt anspent. Eit par hundre meter oppførte han seg sånn, men så forsvann lukta og han gjekk fint ved foten min.

Ved Kløvsteintjønnan gjekk stien gjennom eit lite søkk og så ned mot ei gryte med ein vassputt i. Da vi er nesten nede ved dammen, snur Votan seg og ser på skrå bakover dit vi kom frå og held blikket der. Eg snur meg og for å sjå, og på kanten bak meg, litt til sides for der vi nettopp kom ned, er det noko som reiser seg opp mot himmelbrynet. På to bein, med øra i silhuett mot himmelen.
"Det sit ein bjørn og ser på meg", var den første tanken som slo meg. Vi blei ståande stille for å sjå, både Votan og eg, men verdraget bra frå oss og mot bjørnen, så Votan reagerte berre på rørsla. Det var ein bjørn som reiste seg på to, cirka søtti meter unna - for å sjå på oss. Og han var stor.



No finst det mange råd om korleis ein skal oppføre seg om ein møter på bjørn, alt frå å legge seg ned og spele daud, til å legge på sprang, snu kleda att-fram eller rope til han. Det slo meg at sidan bjørnen ikkje har sansen for menneske, har han neppe sansen for røysta heller. Så eg bestemte meg for å snakke til han. Men no hadde eg aldri snakka med ein bjørn så eg var litt uviss på kva for emne det var mon i å ta opp ved slikt eit høve. Men det slo meg som vesentleg å sikre meg mot eventuelle misforståingar. Så derfor sa eg, og er er klar over at mange vil tru at eg lyg, noko eg ikkje gjør ved dette høvet, utan at det nødvendigvis gjeld alt eg seier, eg sa: "Æ e' eit menneske og ingen sau!" Høgt og klart.

Sjølv tykte eg at eg var så morosam at eg tok til å le av meg sjølv, mne eg fann det ikkje nødvendig  til å vente på noko svar, så eg heldt fram på turen med freidig mot, vel, ikkje heilt, for eg hadde blikket festa på skrå bakover og den lissa som var gått opp på fjellstøvlane, forblei uknytta. Den verste augeblinken var da bjørnen gjekk ned på alle fire der oppe på kanten, og eg prøvde å rekne ut om han trengte seks eller åtte sekund for å ta meg att. Men eg vandra freidig vekk rundt kanten av Kløvsteintjønnan.

Til alt hell forstod bjørnen trøndersk, så da eg kom så langt fram at eg fekk eit overblikk over heile ryggen der bjørnen hadde vist seg, var terrenget heilt bjørnefritt. Da fekk eg eit kick, da, adrenalinet sendte meg himmelhøgt opp i euforiske sfærer, eg hoppa rundt i ring og kauka til fjellet og meg sjølv: "Æ har sett bjønn! Æ har sett bjønn!" Da den verste rusen avtok, oppdaga eg at eg hadde stått midt i eit repehol, så eg var blaut og svart av dynn langt oppover ryggen og låra.

Dei resterande kilometrane til bilen gjekk utruleg radig. Eg hadde eit energioverskot som aldri før eller sidan. Vel heime ringte eg Lars Inge i Statens Naturoppsyn og saman med rovviltkontakt Sigurd  blei det nok ein tur til fjells den dagen. Eg fekk forklart kor vanskeleg det er å få auge på bjørnespor i fast fjellterreng, men eg er ikkje sikker på om dei prøvde å dempe forventingane mine, eller ikkje trudde heilt på meg . Uansett, vi kom opp til søkket der stien gjekk ned,  utan å sjå noko teikn til bjørnespor, så eg bad Lars Inge og Sigurd gå bortetter ryggen, så skulle eg stille meg der eg var da eg såg bjørnen, og sjå om eg kunne seie kor det var.

Lars Inge er ein røsleg kar, og eg må tilstå at da deg såg kor liten og spinkel han blei i forhold til bjørnen på netthinna mi, da fekk eg frysningar nedetter ryggen. Sigurd gjekk først, og da han kom bortover mot ein varde som stod der, ropte eg til han: "Stopp der. Det var omtrent der!" Og Sigurd stoppa og kikka rundt seg, og der, ein halv meter til sides, såg han tydeleg avtrykket etter bjørnelabbane der han hadde reist seg på to og pressa mosen flat.


Vi reikte sporet hans bakover. Det var berre eit trekant avtrykk etter sålen, men der han hadde gått oppover, låg det fine krullar med reinlav etter klørne. Vi fann ut at han hadde kryssa stien framom meg, men valt heilt motsett retning av meg for å koma seg unna. Seinare fekk eg vita at det truleg var sjølvaste Deisjøbamsen eg hadde møtt. Verdsmeister i bjørnevandring.

Men det beste er at etter å ha møtte ein levande bjørn, kan eg seie som søstera mi: Det e' itte fali', je e' itte redd, og faktisk meine det. Og om nokon av dykk skulle komme til å møte  ein bjørn, så husk at han har ti manns styrke, men tolv manns vett, så ei saksopplysning kan vera på rett plass: Du er eit menneske, og ingen sau. Og så håper eg at både du og eg er i stand til å leva opp til den påstanden.

tirsdag 15. november 2016

Rekviem for Leonard

 

På radioen sa dei at Leonard Cohen er død.
På gravsteinen til kona mi er det hoggi inn omrisset av to hjarte som er fletta inn i kvarandre. Stoli frå Leonard Cohen. Frå teikningane hans, frå CD-hefta hans. Men utan sirkelen av tau som omsluttar dei to hjarta.

Eg fekk den første Cohen-plata mi i 1969. Songs from a room. Den andre plata hans. Oppdaginga. Av musikken hans, av tekstane. Og vi sang dei, alle sangane frå Songs of Leonard Cohen og Songs of Love and Hate. Han var alltid med oss når gjengen var saman. Om ikkje dei akustiske gitarane var framme, blei platene sett på utpå natta, og gjerne når ho bikka mot dagen. Og eg las Yndlingsleken. Og da det blei slutt med kjærasten, sat eg aleine oppe ei heil natt og drakk Lundetangen pils og las Skjønne tapere. Og eg var overbevist om at ho var skriven til meg.

Slik tillet eg meg å sørge, når sorga berre var eit risp i huda. Men da sorga kom inn i livet mitt og snudde alt på hovudet, måtte eg berre bort og begynne på nytt. Eg mista lillesøstera mi, og for å få grep om tilveret att, flytta eg til motsett ende av landet. Der møtte eg kjærleiken att. Og Cohen. For ho var og Cohen-fan. Og dei nye albuma kom inn i samlinga vår, album vi helst sette på i fråveret av sola frå november til februar. Ho fylte stua med stearinlys og Cohen som sang.

Kanskje var det fordi vi flytta sørover til lysare himlar  at Cohen fekk mindre rom hos oss i nokre år. Ho var nok meir opptatt av historia rundt enn eg, ho var fascinert av soga om Leonard og Marianne. I 2006 fekk ho konstatert tarmkreft med spreiing. No blei dei melankolske tonane oftare å høre. Ho las boka om Marianne Ihlen og bestemte seg for å dra til Hyda. Ein gong i livet. Den eine gongen i livet. Vi bestilte tur til Hydra. Ho las Syvlie Simmons si bok på spreng før vi reiste. Ho vart sjukare og svakare, men ho skulle gjennomføre reisa.

I slutten av juni 2013 steig vi i land frå den dieselosande hydrofoilen. Ho var kvalm og utslitt etter reisa med mellomlanding hos den eldste sønnen vår som budde i Athen da. Vi fekk ein mann med handkjerre til å ta bagasjen vår opp dei få trappetrinna til Bratsera hotell, det einaste i byen med basseng. Det finst ikkje bilvegar i Hydra by, ingen bilar og mopedar. Når du vaknar om morgonen, er det til sangen frå sirissane og spurvane, til skrytet frå esel og muldyr og hjarterytmen fra taxi-båtane. Alt som skal fraktast i byen, må på kløvsal eller i handkjerre. Ho inntok kvile og cellegifttablettar, men så var det ut i byen for å trekke inn atmosfæren av øya der huset til Cohen enno fanst ein stad. Huset ho håpa å få sjå. På hotellet sa dei at det var mest uråd å finne det. Utallige trappetrinn opp på vestsida av byen. Eit smug hit og eit smug dit. Inga merking.

Vi leita etter Pirate Bar. Ho trong mange pauser, og mens ho låg og kom seg etter kvar lita økt i byen, rusta eg meg ut med vatn og Panama-hatt og kleiv rundt i dei tørre fjellskrentane eller for rundt med kamera overalt i byen. Nå vi var nede ved havna, sette ho seg alltid med ansiktet mot sjøen, så det var eg som ein dag oppdaga skiltet på veggen som fortalte at vi uforvarande hadde havna på den baren vi søkte. Og mens ho samla krefter, tok eg ein kamerarunde langs kaia.

Da eg kom tilbake, sat ho i ivrig samtale med to amerikanske damer. Den eine hadde komi til Hydra med ein grekar på 70-tallet og hadde budd og jobba der nokre år før forholdet tok slutt. Jo, ho visste godt kor huset til Cohen låg. Jo, ho kunne godt vise kona mi det, men det var uhorveleg mange trappetrinn for ei som var svært sjuk, og det var ikkje anna å sjå enn ein kvitmala mur. Men dersom ho trudde ho makta det, så.. Jo, det trudde ho, så vi avtalte å møtast eit par dagar seinare.

Bassenget på hotellet var ei velsigning for kona mi. Ho elska å ligge på solsenga i halvskygge og duppe seg i dammen når det vart for heitt. Og mens vi låg der og kjølte oss, kom Marina fra resepsjonen med ein beskjed om at vi var ønska på Pirate Bar om ein halv time. Den amerikanske dama hadde møtte svigerdattera til Cohen og fortalt ho historia til kona mi, og ho ville gjerne møte oss.

Vi var der on time. Den amerikanske dama var der. Og ein guttunge med stråhatt som hoppa opp og ned i trappetrinna. Og mor hans, ei veldig alminneleg, ung dame med langt, mørkt hår kom etterkvart bort til oss og presenterte seg. Jessica. Gift med Adam Cohen. Ho budde i huset om sommaren med ymse familiemedlem, men Adam var i Canada og jobba med eit nytt album. Vi sat lenge og prata. Fortalte om forholdet vårt til Cohen. Om kvifor det var så viktig for kona mi å reise til Hydra. Før det var for seint. Og eg kunne merke at det rørte Jessica. Etter ein lang tenkepause kom ho med eit tilbod: ho kunne møte oss på Pirate Bar neste dag etter at gjestene hennar hadde reist, og så kunne ho ta oss med opp til huset viss kona mi trudde ho orka alle trappetrinna. Og vi kunne få sitte på terrassen og ta bilde der. Men ikkje koma inn.

Kona mi tenkte seg ikkje om eit sekund. Vi slo til. Neste dag møtte vi opp att, og trinn for trinn geleida Jessica kona mi opp alle trinna. Undervegs var det avsatsar av større steinblokker der Jessica passa på at ho fekk sette seg for å koma seg att. Til slutt var vi høgt over byen, ved den kvite muren med den grå porten. Det var høgtidssamt å gå opp trinna til terrassen og sitte der dei hadde sitti, Leonard og Marianne, og Aksel. På kanten ut mot hagen stod bordet der Leonard somme tider sat og skreiv, men det var flytta på i forhold til bilda vi hadde sett. Lenger til høgre. "Namnet til Aksel Jensen skal stå innrissa her ein stad", sa eg til Jessica. Ho vart forundra, men så drog ho bort ein stol, og der var det ripa inn med digre bokstavar: AXL.

Ho fekk nok eit godt inntrykk av oss, for plutseleg kom ho med eit nytt tilbod: ho kunne vise oss heile huset på vilkår av at eg ikkje tok bilde inne. For oss var nok dette det nærmaste vi nokon gong kjem ein heilagdom. Vi gjekk gjennom begge etasjane med sisterna der dei samla regnvatn om vinteren og gitaren hans som hang på veggen nett som på teikningane. Alt var enkelt og ekte. Alt var vesentleg, som om kvar ting tydde noko, som orda i ein sang. Da vi skulle gå ut, måtte eg berre ta ein titt i bokhylla. Kva var det han las, tru? Det låg ei bok på tvers i hylla. Det var noko kjent med den ryggen. Ein gammal kjenning. Eg tok fram boka. "It's a foreign book", sa Jessica, "I don't understand the Language". Men det gjorde eg. Mats Berg: Skolens sangbok stod det på omslaget. Og på innsida hadde eigaren skrivi: Tilhører Aksel Jensen.

Eg var tilbake i sangtimane i kjellaren på Rødskolen i barndommen, og oppdaga eit uventa fellesskap. Kor mange gongar hadde Leonard Cohen hørt Marianne Ihlen synge dei samme sangane for sønnen sin under dette taket? Eg veit ikkje, men noko hadde vi delt.

Kona mi låg til sengs resten av dagen. Eg spiste middag aleine ved bassengkanten. Men det bar ho heim og heldt ho oppe dei siste månadene. 20. august hadde Leonard Cohen konsert i Norge for siste gang. Vi var der. Langt framme. Vi støtta ho inn og halvvegs bar ho ut. Det var fantastisk. Cohen kommuniserte med oss som elefantene på Serengeti. Rumla til oss gjennom tiår med musikken hans. Og via nabojenta som har nærkontakt med musikarane hans, fekk vi helse på Marianne Ihlen og vi fekk til og med ei personleg helsing frå sjefen.

13. september døde kona mi.

Sommaren etter var eg tilbake på Hydra. Aleine. Budde på det samme hotellet, oppsøkte stadane og tråla fjella. Møtte nye menneske. Gjekk forbi huset med målbevisste steg. Gjekk forbi Pirate Bar og såg at Jessica var der saman med ein mørkhåra mann. Eg gjekk berre forbi. Til den siste dagen. Til eg hadde pakka og gjort meg klar for båten tilbake til Pireus. Da samla eg kreftene mine og gjekk mot ho. Ho kjente meg på avstand. Helste og spurte meg etter kona mi. Presenterte meg for den mørke mannen. Adam Cohen. På mange vis så lik far sin. Dei baud meg sitte ned og prate litt. Men eg kjente at det hadde eg ikkje krefter til. Det blei for sterkt, for vanskeleg. Eg unnskyldte meg med at eg måtte tilbake til hotellet og pakke før båten gjekk. Rømte derifrå.

For noen få uker sidan kom You want it darker. Hans eige rekviem. Produsert av Adam. 7. november gjorde du dei siste strofene dine, you want it darker, we kill the flame, til virkeligheit.
Du tente et lys i det innerste rommet i oss, står det på gravsteinen til kona mi.
There's a crack in everything, that's how the light gets in.


tirsdag 6. september 2016

Natt i naturen





Stemninga når du står på en topp på over 1200 meter og ser kveldslyset over alle blånene horisonten rundt. Fargene når du bøyer deg ned og ser hvordan de minste vekstene rødmer i høstkulda og mosen blir så grønn at den virker kunstig. Og så nesten mårra: dogga på teltduken og rimet i lyngen som blir borte for ei standhaftig solkule i øst. 


Mot teltplassen på Øvre Minnestjønn

Ei natt i naturen gir meg alt dette. Ja, det kan være hardt å ligge på et liggeunderlag og kaldt i soveposen, men det meste blir kompensert av syn og lukter i høstfjellet. For opplevelsene kommer ikke av seg sjøl. Du må yte noe for dem. Viss du ikke ofrer stuevarmen og dynekomforten, får du ikke med deg de opplevelsene som trenger tid på seg for å synke heilt inn. Og så ille er det heller ikke viss du koster på deg et brukbart telt, et godt liggeunderlag (det koster) og en tre sesongs sovepose, så slipper du nattefrosten og den lemstre mårraskroppen.

Nå er ikke jeg av dem som må ha et nasjonalt pådytt for å komme meg ut, men det er likevel hyggelig å vite at det av og til er usedvanlig mange mennesker som tar ei natt  ute i naturen. Det er ikke nødvendig å finne en teltplass på 1220 meter for så å ta en kveldstur opp til Storegrønut på 1289, men det kan kanskje bidra til å gjøre opplevelsen meir spesiell.
Naturopplevelsen består som regel i å ha sansene åpne og skaffe seg kunnskap om hva det faktisk er du ser og hører. Veit du ikke hva ei spettesmie er, vil du bare gå forbi kongla i barken på treet uten å tenke at her har hakkespetten sittet og plukka ut granfrøa fra kongla. Eller du krysser oterstien over neset uten å se for deg oteren som har vagga fra bukta på den eine sida til den andre i stedet for å svømme rundt.
Gule vannliljer er litt uvanlige - og vakre

Ei natt i naturen kan være en god start. Sammen med andre viser det seg ofte at de ser noe du ikke ser, de hører den klukkebekken du overhører, de har et navn på den planten du overser. Og uten at du har planlagt det, har du blitt tilført noe. Du har åpna sansene dine for noe nytt. Du har fått bruke heile deg, ikke bare musklene du hadde glømt at du hadde, men som nå minner deg på det. Ha en god neste tur -
og se opp for skumle trær...





 

tirsdag 30. august 2016

Om burkini (og våtdrakt)



Først går visse offentlige personer ut i media og bekymrer seg over kroppspresset som særlig unge jenter blir utsatt for. Og de okker seg og vi aier oss. Så kommer andre offentlige personer, som nok deler bekymringa om kroppspress, på banen og støtter det franske politiet som krevde at ei dama i burkini skulle kle av seg på ei offentlig badestrand i Nice. Med våpen i hånd og trussel om bot bekjempa de dette anslaget mot vestlig kroppsfiksering, en kjernekvalitet ved kulturen vår. Heldigvis har en domstol kjent forbudet mot å opptre i burkini på strendene i Frankrike, til å være i strid med den franske grunnlova. Like fullt støtter statsministeren forbudet, og det har blitt til ei viktig sak i den franske valgkampen. Frihet, likhet, søsterskap?



Hva er overgrep? I sommer har det hagla med overgrepsanklager mot menn som har befølt jenter på rumpa under festivaler og konserter. Media og vi har vært enstemmige i fordømmelsen av mannssjåvinisme og kjønnsfascisme. Ubehaget ved å bli befølt uten å ønske det, har mange av oss følt på kroppen. Og likevel opplever vi at det skal være legitimt å kreve at jenter som føler ubehag ved å vise kroppen sin, skal bli tvunget til det i navnet til vestlig kroppskultur.



Når det lir utpå forsommeren, flommer ukepressa og tabloidene vekselvis over av artikler som forteller oss hvordan vil skal bli tynne nok til bikini- og speedo-sesongen, og artikler om hvor farlig det er med kroppsfiksering. Dobbeltmoralen i media volder ikke dem noen bekymring mens de belemrer oss med angst for ikke å se perfekte ut og for at jakta på kroppsidealet skal bryte oss ned, psykisk og fysisk. Anoreksi og bulimi er blitt en vestlig livsstilsjukdom. Mange føler seg utsatt for visuell beføling, og nå skal de ikke ha noen mulighet til å slippe unna ved å dekke seg til.




















Det er ikke meir enn hundre år siden de badende klassene, les over- og middelklassen, påførte seg kroppsdekkende badedrakter. Da blei det oppfatta som et steg på vei mot det amoralske samfunnet. Nå skal det være amoralsk å dekke seg til. Men sjøl om vi gjerne vil dytte vår moral på andre, skal vi ha oss frabedt at andre dytter moralen sin på oss. Frihet, likhet? Den eneste måten å forsvare friheta vår på, er å tilby frihet til andre. Den eneste måten å kreve at vi skal ha like stort verd som andre, er å gi dem like stort verd som oss.


PS: I fjor kjøpte jeg meg våtdrakt. Det blir kaldt å snorkle uten. 

onsdag 24. august 2016

Livet med hester



Høsten 2013 mista jeg kona mi etter mange års liv med kreft. Sjøl forstod jeg nok ikke hvor sliten jeg var og hvor tappa jeg var for energi. Noen år på 90-tallet hadde vi hest på for, og seinere var jeg med på det prosjektet vi kalte Juvet Hingstegård der vi kjøpte unghingster for å føre dem fram til avlsgodkjenning, kåring. Men disse hestene hadde vi ikke så lenge at de blei bruks- og ridehester, og derfor blei det ikke det samme kontakten med dem. På grunn av sjukdommen slutta jeg også heilt å holde på med hester.


Men etter at kona mi døde, tok jeg delvis opp igjen nærværet med hester takka være gode venner som dro meg inn i arbeidet med hester igjen. Etter litt betenkningstid tok jeg også imot tilbudet om å få en ettårig hingst, Gaptjerns Grane. Den vinteren tilbrakte jeg mange timer sammen med han. For det meste stod han og åt eller så på meg mens jeg drakk kaffe. Vi blei fortrolige med nærværet av hverandre. Vi trivdes med å være i nærheta av hverandre.


Jeg meiner absolutt at Grane og samværet med hestekompisene mine og hestene deres bidro sterkt til å gi meg kreftene og energien tilbake. Det blei etter hvert klart at Grane ikke hadde potensiale som avlshingst, så han blei kastrert og sendt bort til innriding mens livet mitt tok ei ny, positiv vending. Og for noen uker siden henta jeg Grane heim igjen, sammen med den andre hesten jeg kjøpte året etter, Sjåvoll Kvitfaks.


Og på nytt opplever jeg hvor positivt livet er med hest. Sammen med gode venner bruker vi mange timer på å trene dem, håndtere dem og drikke kaffe. Når du trygg på hester, merker du en enestående ro. Du må holde fokus på hesten og det du holder på med, men når du håndterer hesten positivt, får du et stort dyr som søker til deg, som vil være sammen med deg som leder i flokken. Det eneste det krever, er tid. Ei tid som er så dyrebar for oss, at vi kaster den bort med å springe fra aktivitet til aktivitet. Jeg opplever at livet er i balanse når jeg prioriterer å bruke tid med hestene, utfordre dem med nye opplevelser og utfordre meg sjøl med å gå nye steg sammen med dem.


I helga hadde jeg dem med ut i vatnet for første gang sammen med Grethe Karin og mannen hennes, Frank. De legger ned en enorm innsats og tidsbruk sammen meg hestene og meg. Ikke bare blir vi aktivisert, men vi har det også trivelig. Ingenting er bedre enn å ha et sosialt miljø rundt hestetreninga. Sjøl om det var uvant og hestene var litt usikre når vatnet nådde dem til buken, viste de at de trivdes når de var sammen med oss i vatnet. Og viss dere skulle være i tvil: Grane er den svarte på videoen, og Kvitfaks er han med det kvite fakset.

lørdag 17. mai 2014

Tale 17. mai i Tunhovd

Jeg hadde gleden av å bli invitert til Tunhovd for å holde 17.mai-talen der i år. Jeg blei litt imponert over hvor mange som deltok og av feiringa deres. For dere som har interesse av det, legger jeg ut talen min her.




17. mai Tunhovd 2014



Jeg må først få takke dere for at dere tok sjansen på å invitere meg til å holde tale på denne dagen som er så heilt spesiell. I dag er det 200 år siden den norske grunnlova blei underskrevet av riksforsamlinga på Eidsvoll, Christian Fredrik blei valgt til konge av representanter for det norske folket – og byggverket «den norske nasjonen» blei påbegynt. 
Og kan det være noe bedre sted å være for å skaffe seg oversyn og utsyn over de byggesteinene som Grunnlova la for et demokratisk samfunn, enn på taket av kommunen, i Tunhovd.

I løpet av de 30 åra jeg har bodd her i kommunen, må jeg innrømme at jeg ikke har vært så mye i Tunhovd. Forholdet mitt til området er først og fremst turene i fjella og mange besøk på Langedrag. Men mest tid i området har jeg tilbrakt gjømt bak steiner og trær i Ljøtelendet. Og hva i all verden har jeg drevet med da? Jo, trening av redningshunder.
For en person som har vokst opp i fjærakanten og kom hit fra kanten av Barentshavet, virker det kanskje paradoksalt at jeg har blitt her. Men jeg trivdes fra første dag og har blitt «avhengig» av å være ute i skogen, sjøl om det har vært utsikten til den åpne horisonten i fjellet som nok har minna meg mest om horisonten ved havet, og har trukket meg opp på viddene – og ut på viddene vil noen påstå.

Men i dag skal jeg prøve å løfte blikket ut over den nærmeste horisonten for å prøve å sette Grunnlova inn i en større sammenheng, både historisk og dagsaktuell. Vedtaket av Grunnlova betød egentlig en revolusjon. Før det hadde det vært to makter som styrte tilværelsen for folk i Norge: Vår Herre i himmelen og han Far sjøl i København. I åra etter 1807 hadde begge to svikta det norske folket. Vår Herre sendte uår som skapte hungersnød i store deler av landet, og ramma innlandsbygdene aller verst. Og han Far sjøl var ikke i stand til å skaffe korn fra Danmark som i flere hundre år hadde vært garantisten for det vi kaller norsk matsikkerhet. Det norske landbruket var langt ifra i stand til å produsere den maten folk trengte, og danskene hadde monopol på å sende oss korn – og til den prisen kongens monopolkjøpmenn bestemte.

Dette systemet blei avskaffa med Grunnlova: den slo fast at det var folket i Norge som hadde rett til å bestemme hvem som skulle være konge. Riktignok var ikke «folket» alle, men alle menn over 25 år, som hadde eiendom og betalte skatt, fikk stemmerett. Og det var ikke noe land i verden som hadde tilsvarende definisjon av hvem «folk» var.
I tillegg avskaffa de alle privilegier, alle former for monopol, de avskaffa sensur og slo dermed fast at folk kunne ytre seg fritt om samfunnsspørsmål og politikk uten å kunne bli straffa.

Men sulten, nøden og fattigdommen forsvant ikke med 17. mai.  Alle som har samme etternavn som meg, ætter fra Lars Grekvar fra Åsgarden i Nore og broren hans, som forlot Numedal på slutten av 1820-tallet og flytta til Romsdal. I følge Norebøkene kom lensmannen for å kreve inn ubetalt skatt og ta pant i eiendeler, men han fant ingenting av verdi, for som han skreiv: «De er i ytterste fattigdom, hele deres hus».

Vi kan med stolthet si at Grunnlova skapte det mest demokratiske samfunnet i si tid, men vi må ikke glømme at det virkelige demokratiet blei utvikla gjennom mange år med politisk kamp. Og siden vi feirer demokratiet i dag, er det en dag for å spørre oss om vi virkelig ønsker å forsvare det mot krefter som truer det.

For å kunne vurdere det må vi definere begrepet «demokrati». Den vanlige definisjonen av et demokratisk samfunn, er at det er et samfunn der et flertall av innbyggerne tar avgjørelsene, men tar hensyn til behova til mindretallet.
Er vi i ferd med å fjerne oss fra demokratiet som styringsform?

 

Demokrati forutsetter et folkevalgt system som har mulighet til å fatte reelle avgjørelser for velferden og livsvilkåra til alle innbyggerne. I dag ser vi at stadig meir myndighet til å fatte avgjørelser blir flytta fra de lokalt valgte organa til regionale, nasjonale og representative organ. Kjernen i f.eks. regionalt samarbeid er at et interkommunalt byråkrati forbereder saker for interkommunale, representative utvalg som så sender «tilrådingene» sine tilbake til kommunestyra for sandpåstrøing.

Den dagen disse utvalga tar de faktiske avgjørelsene, har vi i virkeligheta erstatta det valgbaserte demokratiet med et representativt styre som åpner for at mektige særinteresser kan få gjennomslag  for behova og interessene sine.

Å fjerne fylkeskommunen som forvaltningsorgan, vil være en demokratisk reform dersom oppgavene og de reelle avgjørelsene blir flytta til et kommunalt nivå, men ikke viss de havner i interkommunalt byråkrati og representative utvalg – og med de signala som har kommet om øka effektivisering, er det mye som tyder på at sterke krefter ønsker å erstatte det folkevalgte, fylkeskommunale nivået med slike modeller.

Når jeg ser på mangelen på oppfølging av behova til Tunhovdsamfunnet innafor lokaldemokratiet, har jeg ingen tiltru til at de nye reformene vil ivareta velferden og livsvilkåra her.

Og det er flere konkrete saker som tyder på:
          Ambulansessaka – der makta ligger hos styret i helseforetaket som er oppnevnt, ikke valgt, og som lar de økonomiske vilkåra overstyre behovet i folket.
          Tannlegesaka – der ESA har sagt at folketannrøkta på bygdene er konkurransedreiende fordi vi som er voksne kan få behandling til samme pris i det offentlige, og ikke må ty til privatpraktiserende tannleger som ikke finnes her. Dette er et nesten usynlig, men symbolsk angrep på demokratiet, for det overnasjonale byråkratiet overstyrer det nasjonalt folkevalgte Stortinget.
          Trålkvotene – der Røkke og andre krever at tildelte fiskekvoter skal gjelde for evig tid på beskostning av allemannsretten til å fiske i havet.
          Landbruksoppgjøret – som legger opp til en modell for stordrift basert på importert kraftfor i stedet for ressursvennlig utnyttelse av lokale forutsetninger – og som bruker korn som er mangelvare for mange fattige i verden som ikke kan konkurrere med industrilandbruket når det gjelder pris.

Matsikkerheta som var førsteprioritet for Stortinget etter 1814 på grunn av lærdommen fra nødsåra fra 1807 til 1812, blir underordna billig mat til oss med økt fortjeneste til det nye monopolkjøpmannsskapet.

Hva får vi igjen for å overlate styringa til andre? Jo, vi blir bestukket med en «godtpose» med First Price-varer og symbolpolitikk: Røkke tilbyr oss billige fiskeprodukter foredla i Polen – eller Kina i stedet for norsk arbeidsplasser. Politikerne tilbyr oss å fjerne hestekraft-avgifta på påhengsmotorer og å bytte inn den tollfrie kvota på tobakk med alkohol i stedet for et desentralisert landbruk.

Det er meininga mi at det er nå vi trenger å stå opp for å forsvare demokratiet. Vi trenger et demokratisk opprør

          mot det representative maktsystemet

          mot oligarkiet,  det mindretallet som utgjør rikmannsveldet, særlig de som har kontroll over matvareproduksjonen i Norge fordi det er de som er det mindretallet det blir tatt hensyn til i dag

          for likeverd
          ja: for demokrati

Jeg vil påstå at lakmustesten for et fungerende demokrati er nettopp at lokalsamfunn som Tunhovd som representerer det såkalla «ulønnsomme» mindretallet, blir ivaretatt på en sånn måte at det blir prega av utvikling og trivsel.

I dag setter ikke de fleste liten sin til at Vår Herre sørger for utvikling og livsvilkåra i dag, verken i landet eller Norge eller i bygda Tunhovd. En vesentlig del av jobben er opp til oss sjøl, og ikke minst er det en oppgave og et ansvar for oss å sørge for at han Far sjøl, unnskyld «ho Mor sjøl» fra Bergen, virkelig tjener demokratiet og ivaretar interessene og likeverdet til de mindretallsgruppene som ikke er mektig. Bevar Tunhovd som ei levende bygd.

Gratulerer med dagen.